>
Administrasjonen
Finn oss
HOVEDSIDE
AKTUELT
FRILUFTSOMRÅDER
Oversiktskart
Bokn
Bømlo
Etne
Fitjar
Haugesund
Karmøy
Kvinnherad
Stord
Sveio
Sauda
Tysvær
Vindafjord
Grillplasser
TURFORSLAG
UNIVERSELL UTFORMING
BADETEMPERATURER
KANOER OG FRILUFTSUTSTYR
VESTKYSTPARKEN
FRILUFTSLIVETS UKE
KURS OG NATURVEILEDNING
BROSJYRER
12 MEDLEMSKOMMUNER
SKI-INFO OLALIA
SIKRING - KJØP AV FRIOMRÅDER
STYRET OG ÅRSMØTET
FRILUFTSLINKER
TURISTINFORMASJONER
BILDER OG VIDEO
 
Romsaøyane



Velkommen til Romsa-øyane friluftsområde
Romsa-øyane har hatt busetnad lang tid tilbake. Opp gjennom tidene har det budd både lensmann og prest på øyane. Opprinneleg var øyane eitt bruk, men frå 1840 var det 9 sjølvstendige bruk på øyane.
I 1865 var det busett 67 personar på Romsa-øyane. Frå 1923 til 1944 var øyane eigen skulekrins. Øyane hadde også dampskipsanløp og postopneri.
Næringsgrunnlaget på øyane var jordbruk, fiske, handverk og tømmerutskiping.
Etter krigen vart øyane fråflytta, og heile øygruppa vart kjøpt og lagt ut til forsøksfelt for skogsfrøavl. Store delar av øygruppa vart då tilplanta med gran. Øyane endra dramatisk karakter då det meste av granskogen vart fjerna vinteren 1996-97.
Hogstflaten er no tilvakse med gras og i samarbeid med Statsskog er målet å få att den opprinnelege vegetasjonstypen på øyane.



Grindaneskaien på
Stora-Romsa
Friluftsliv
I 1990 vart øygruppa sikra som offentleg friluftsområde. Sidan har øygruppa vorte ein ynda utfartsstad for båtfolket i Sunnhordland.
Rundt øygruppa er det høve til eit rikt og variert sportsfiske. Langs heile vestsida av Stora-Romsa er det gode høve til stangfiske frå land. Frå båt kan ein ta stortorsken ved ei av dei mange fluene rundt øyriket. Øyane byr på meir enn fine badevikar, fiskeplassar og gode båthavner. Gamle bygningar og hustufter gjer øyane til ein spennande stad for unge og vaksne oppdagarar. På Haukelandstunet står både våningshus, løe og eldhus. Gamle ferdselsvegar er i dag gode turvegar og stiar.
På austre del av Stor-Romsa finn ein den største freda kristtornskogen i Noreg.

"Vinjehuset" i Grindanesvikjo
Hus og naust til leige.
I Ørevik står det siste av dei gamle nausta på Romsa, og i Grindanesvik står "Vinjehuset" og "Professorhytta". Ved å vende seg til Friluftsrådet kan lag og organisasjonar få leiga hus på Romsa. Bildet viser Vinjehuset som leiges ut av Friluftsrådet Vest.


Grindaneskaien med det nyoppførte grillhuset.
Dei nye nye grillhusa på Grindanes og på Litla-Romsa har vorte fine tilvekster til miljøet på Romsa. Det samme har det ope naustet i Naustvikjo på Stora-Romsa. Her kan alle gå i land og kosa seg. Ta med grillkol og rydd fint opp etter deg. Hugs å ta med alt søppel attende til land.
Grillhuset på Litla-Romsa. Ope for alle.
Ope naust i Naustvikjo på Sørsida av Stora-Romsa.
Her er bord og benkjer slik at folk kan sittja under tak, men naustet er ikkje tilrettelagd for grilling inne. Det er laga til ein grillplass på plattingen foran naustet.

Forvaltning
Friluftsrådet Vest forvaltar Romsa-øyane som friluftsområde. Statskog har ansvaret for skogen. Kystlaget Romsa har ansvaret for Haukelandstunet. Fylkesmannen i Hordaland, miljøvernavdelinga har ansvaret for kristtornskogen. Ølen båtlag forvaltar huset på Herøy. Bjoa Båtlag forvaltar Professorhytta.

Dersom du ønskjer fleire opplysninger om Romsa-øyane eller nokre av dei andre friluftsområdene Friluftsrådet Vest forvaltar, kan du ta kontakt med oss på tlf. 52 77 48 30 eller e-mail: Post@FriluftsradetVest.no    
Statskog kan du kontakta via deira nettsider www.statskog.no


>>flere fotos

  

 Følg oss på

  

  

Last ned ny flyer

 

Siste brosjyre

 

 

 

 

 
Webløsning levert av TYFON strategi og konsept - Powered by i-tools