>
Administrasjonen
Finn oss
HOVEDSIDE
AKTUELT
FRILUFTSOMRÅDER
Oversiktskart
Bokn
Bømlo
Etne
Fitjar
Haugesund
Karmøy
Kvinnherad
Stord
Sveio
Sauda
- Oversiktskart
- Nesøyra badeplass
- Slettedalen
- Breiborg
- Hustveit og Jonestølen
Tysvær
Vindafjord
Grillplasser
TURFORSLAG
UNIVERSELL UTFORMING
BADETEMPERATURER
KANOER OG FRILUFTSUTSTYR
VESTKYSTPARKEN
FRILUFTSLIVETS UKE
KURS OG NATURVEILEDNING
BROSJYRER
12 MEDLEMSKOMMUNER
SKI-INFO OLALIA
SIKRING - KJØP AV FRIOMRÅDER
STYRET OG ÅRSMØTET
FRILUFTSLINKER
TURISTINFORMASJONER
BILDER OG VIDEO
 
Hustveit og Jonestølen



Velkommen til Hustveit, Jonegarden og Jonestølen


Kvednafossen

Hustveit og Jonegarden ligg på oppsida av RV 13 mellom Ropeid og Sauda. Dette er eit område som Sauda kommune, Ryfylkemuseet og Friluftsrådet samarbeider om.

Jonegarden
er eit av dei to bruka på Hustveit. Han har høyrt til dei velståande gardane i Ryfylke, og har vore i same slekta heilt sidan 1600-talet. Då den siste brukaren, Jone Hustveit døydde, kjøpte staten garden til naturvern- og friluftsføremål i 1987.

Jonegarden strekkjer seg frå Saudafjorden og like opp til Hustveitsåta, 1187 m.o.h. Denne store spennvidda, saman med store variasjonar i bergrunn og helling, gir grunnlag for eit mangfald av vegetasjonstypar.

Det er ikkje vegetasjon det er eit mangfald av i dette området. Dyrelivet og fuglelivet er også variert. Er du heldig ser du ørn oppe i fjellet. Nattramn og kvitryggspett finn vi også her. Det seiest også at sjølvaste bjørner har vore på vitjing i dette området. Mange har også oppdaga dei fiskemulighetene i vatna i desse områda.

Jonestølen
Friluftsrådet har bygd ein støl, Jonestølen, som står open for dei som ynskjer å leggje seg inn for natta oppe på fjellet. Det er merka sti til stølen frå Jonegarden. Dette er ein tur som tek ca. 2 timar.


Møllehusa i Kvednafossen

Forvaltning og informasjon: Friluftsrådet Vest
Ansvaret for området er delt. Skulle du ha spørsmål skal vi prøve å hjelpe deg. Ta kontakt på tlf. 52 77 48 30 eller e-mail: Post@friluftsradetVest.no

Du kan også ta kontakt med Kulturkontoret i Sauda kommune, tlf. 52 78 62 00 eller Ryfylkemuseet tlf. 52 79 29 50.

  

 Følg oss på

  

  

Last ned ny flyer

 

Siste brosjyre

 

 

 

 

 
Webløsning levert av TYFON strategi og konsept - Powered by i-tools